Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Ezra

Ezra

1. kapitlet

1 I det fyrste åt Kyrus, kongen Persia, vekte Herren hugen i perserkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike og sende brev i kring med sovori kunngjering:

2 «So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda.

3 Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere hans Gud, med honom, og han drage upp til Jerusalem i Juda og byggje hus åt Herren, Israels Gud! Det er den Gud som bur i Jerusalem.

4 Og kvar helst nokon endå er att og bur framand på ein stad, skal folket der hjelpa honom til med sylv og gull, lausøyre og bufe, umfram det som dei godviljugt gjev til gudshuset i Jerusalem.»»

5 Då gjorde ættarhovdingarne i Juda og Benjamin seg reiduge til å fara, og det same gjorde prestarne og levitarne, alle dei som Gud vekte hugen i, dei vilde fara upp og byggja Herrens hus i Jerusalem.

6 Og alle grannarne deira hjelpte deim til med gåvor: sylv og gull, lausøyre og bufe og dyrverdige gåvor, umfram alt det som dei sjølve gav godviljugt.

7 Kyrus sjølv, kongen, gav frå seg alle dei kjerald som Nebukadnessar hadde teke burt frå Jerusalem og sett inn i huset åt sin gud.

8 Desse gav no Kyrus, persarkongen, frå seg til Mitredat, som var skattmeister, og han talde deim for Sesbassar, som var hovding yver Juda.

9 Talet på desse kjerald var: Tretti gullfat, tusund sylvfat og ni og tjuge andre offerkjerald,

10 tretti gullskålar og fire hundrad og ti sylvskålar av ringare slag og tusund andre kjerald.

11 Kjeraldi av gull og sylv var i alt fem tusund og fire hundrad. Alt dette førde Sesbassar med seg då dei burtførde for upp frå Babel til Jerusalem.

2. kapitlet

1 Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for ut or utlægdi, dei som Babel-kongen Nebukadnessar hadde ført burt til Babel, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.

2 Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Seraja, Re’elaja og Mordekai, Bilsan og Mispar, Bigvai og Rehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver Israels-lyden:

3 Paros-sønerne, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;

4 Sefatja-sønerne, tri hundrad og tvo og sytti;

5 Arahs-sønerne, sju hundrad og fem og sytti;

6 Pahat-Moabs-sønerne, av Jesua- og Joabs-sønerne, tvo tusund åtte hundrad og tolv;

7 Elams-sønerne, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;

8 Zattu-sønerne, ni hundrad og fem og fyrti;

9 Zakkai-sønerne, sju hundrad og seksti;

10 Bani-sønerne, seks hundrad og tvo og fyrti;

11 Bebai-sønerne, seks hundrad og tri og tjuge;

12 Azgads-sønerne, eit tusund tvo hundrad og tvo og tjuge;

13 Adonikams-sønerne, seks hundrad og seks og seksti;

14 Bigvai-sønerne, tvo tusund og seks og femti;

15 Adins-sønerne, fire hundrad og fire og femti;

16 Aters-sønerne av Hizkia-ætti, åtte og nitti;

17 Besai-sønerne, tri hundrad og tri og tjuge;

18 Jora-sønerne, hundrad og tolv;

19 Hasums-sønerne, tvo hundrad og tri og tjuge;

20 Gibbars-sønerne, fem og nitti;

21 Betlehems-sønerne, hundrad og tri og tjuge;

22 mennerne frå Netofa, seks og femti;

23 mennerne frå Anatot, hundrad og åtte og tjuge;

24 Azmavets-sønerne, tvo og fyrti;

25 Kirjat-Arims- og Kefira- og Be’erots-sønerne, sju hundrad og tri og fyrti;

26 Rama- og Geba-sønerne, seks hundrad og ein og tjuge;

27 mennerne frå Mikmas, hundrad og tvo og tjuge;

28 mennerne frå Betel og Aj, tvo hundrad og tri og tjuge;

29 Nebo-sønerne, tvo og femti;

30 Magbis-sønerne, hundrad og seks og femti;

31 den andre Elams søner, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;

32 Harims-sønerne, tri hundrad og tjuge;

33 Lods- og Hadids- og Ono-sønerne, sju hundrad og fem og tjuge;

34 Jeriko-sønerne, tri hundrad og fem og fyrti;

35 Sena’a-sønerne, tri tusund seks hundrad og tretti.

36 Av prestarne: Jedaja-sønerne av Jesua-ætti, ni hundrad og tri og sytti;

37 Immers-sønerne, eit tusund og tvo og femti;

38 Pashurs-sønerne, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;

39 Harims-sønerne, tusund og syttan.

40 Av levitarne: Jesua- og Kadmiels-sønerne av Hodavja-sønerne, fire og sytti.

41 Av songararne: Asafs-sønerne, hundrad og åtte og tjuge.

42 Av dørvaktar-sønerne: Sallums-sønerne, Aters-sønerne, Talmons-sønerne, Akkubs-sønerne, Hatita-sønerne, Sobai-sønerne, i alt hundrad og ni og tretti.

43 Av tempelsveinarne: Siha-sønerne, Hasufa-sønerne, Tabbaots-sønerne,

44 Keros-sønerne, Siaha-sønerne, Padons-sønerne,

45 Lebana-sønerne, Hagaba-sønerne, Akkubs-sønerne,

46 Hagabs-sønerne, Samlai-sønerne, Hanans-sønerne,

47 Giddels-sønerne, Gahars-sønerne, Reaja-sønerne,

48 Resins-sønerne, Nekoda-sønerne, Gazzams-sønerne,

49 Uzza-sønerne, Paseahs-sønerne, Besai-sønerne,

50 Asna-sønerne, Me’unims-sønerne, Nefisims-sønerne,

51 Bakbuks-sønerne, Hakufa-sønerne, Harhurs-sønerne,

52 Basluts-sønerne, Mehida-sønerne, Harsa-sønerne,

53 Barkos-sønerne, Sisera-sønerne, Tamahs-sønerne,

54 Nesiahs-sønerne, Hatifa-sønerne.

55 Av sønerne åt Salomo-sveinarne: Sotai-sønerne, Hassoferets-sønerne, Peruda-sønerne,

56 Ja’ala-sønerne, Darkons-sønerne, Giddels-sønerne,

57 Sefatja-sønerne, Hattils-sønerne, Pokeret-Hassebajims-sønerne, Ami-sønerne.

58 Alle tempelsveinarne og sønerne åt Salomo-sveinarne var i alt tri hundrad og tvo og nitti.

59 Frå Tel-Melah og Tel-Harsa, Kerub og Addan og Immer for dei ut dei som her skal nemnast; men dei kunde ingi greida gjeva um federne sine og ætti, um dei i det heile høyrde Israels-folket til; det var;

60 Delaja-sønerne, Tobia-sønerne og Nekoda-sønerne, seks hundrad og tvo og femti,

61 og av prestesønerne: Habaja-sønerne, Hakkos-sønerne, sønerne åt Barzillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Gileads-mannen Barzillai til kona og fekk namn etter deim.

62 Desse leita etter ættetavlorne sine, men kunde ikkje finna deim; difor vart dei kjende uverdige til å vera prestar.

63 Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest som hadde urim og tummim.

64 Heile lyden til var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,

65 umfram trælarne og trælkvinnorne; talet på deim var sju tusund tri hundrad og sju og tretti. Dertil kom tvo hundrad songarar, karar og kvende.

66 Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,

67 fire hundrad og fem og tretti kamelar og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.

68 Då dei kom fram til Herrens hus i Jerusalem, gav nokre av ættarhovdingarne godviljugt ei gåva til gudshuset, so det kunde verta uppbygt att på den gamle staden.

69 Kvar av deim lagde i byggjekassa, etter som han hadde råd til, og det kom inn tri hundrad tusund dalar i gull og fem og tjuge tusund dalar i sylv, dertil eit hundrad prestekjolar.

70 Prestarne og levitarne og nokre av lyden, songarane, dørvaktarane og tempelsveinarne, sette då bu i sine byar, og heile Israel elles busette seg kvar i sin by.

3. kapitlet

1 Då den sjuande månaden kom, og Israels-sønerne budde i sine byar, samla dei seg i Jerusalem alle som ein mann.

2 Og Jesua Josadaksson og prestarne, brørne hans, og Zerubbabel Sealtielsson og hans brør tok til å byggja altaret åt Israels Gud, so dei kunde få ofra brennoffer på det, soleis som det er fyreskrive i lovi åt gudsmannen Moses.

3 Dei sette altaret på den staden det fyrr hadde vore; for dei hadde fenge rædsla i seg for folki som budde i landet. Og dei ofra brennoffer til Herren på alteret, brennoffer morgon og kveld.

4 So heldt dei lauvhyttehelg etter som det er fyreskrive, og bar fram brennoffer dag for dag etter sitt tal, so mange som det var fastsett for kvar dag.

5 Sidan ofra dei det dagvisse brennofferet og dei offer som høyrde til nymånaderne og alle Herrens heilage høgtider; sameleis kvar gong nokon kom godviljugt og bar fram offer til Herren.

6 Frå fyrste dagen i sjuande månaden tok dei til å ofra brennoffer til Herren; fyrr dei endå hadde lagt grunnen til Herrens tempel.

7 Sidan gav dei steinhoggarane og timbremennerne pengar, og til Sidons-sønerne og Tyrus-mennerne gav dei matvaror og drikkevaror og olje, for dei skulde føra cedertre frå Libanon sjøvegen til Jafo, etter ei fullmagt som dei hadde fenge hjå Kyrus, persarkongen.

8 I andre månaden i Året etter dei var komne heim til Guds hus i Jerusalem, tok dei til med verket. Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson og dei andre prestarne og levitarne, brørne deira, og elles alle dei som var komne til Jerusalem frå utlægdi, sette levitar som var tjuge år gamle og deryver, til å hava tilsyn med arbeidet på Guds hus.

9 Og Jesua med sønerne og brørne sine, og Kadmiel med sine søner, Juda-sønerne, alle som var sette til å hava uppsyn med deim som bygde på Guds hus, sameleis Henadads-sønerne med sine søner og brør, levitarne.

10 Bygningsmennerne lagde grunnvollen til Herrens hus, og imedan stod prestarne uppyver med lurar og fullt skrud, og levitarne, Asafs-sønerne, stod med cymblar; dei vilde prisa Herren soleis som David, Israels-kongen, hadde lært deim.

11 Dei song lov og takk til Herren, av di han er god og hans miskunn mot Israel varer æveleg. Og alt folket sette i med høge fagnadrop, og prisa Herren av di grunnvollen var lagd til Herrens hus.

12 Men mange av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne, dei gamle som hadde set det fyrre huset, gret høgt då dei såg på at grunnvollen til dette huset vart lagd; men mange var so glade at dei ropa høgt av fagnad.

13 Det var rådlaust for folket å skilja frå kvartanna fagnadropi og folkegråten; for folket sette i med velduge fagnadrop, og omen av dette lyddest langan leid.

4. kapitlet

1 Uvenerne til Juda og Benjamin fekk høyra at dei som var komne heim or utlægdi, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud.

2 Då gjekk dei til Zerubbabel og til ættarhovdingarne og sagde: «Lat oss få vera med dykk og byggja; me held oss til dykkar Gud likso vel som de, og til honom hev me ofra alt sidan den tid Asarhaddon var konge i Assyria og førde oss hit.»

3 Men Zerubbabel og Jesua og dei andre ættarhovdingarne for Israel sagde til deim: «Det sømer seg ikkje at de skal vera med oss og byggja eit hus åt vår Gud; me vil sjølve hjelpast åt og byggja hus åt Herren, Israels Gud, soleis som Kyrus, persarkongen, hev sagt oss fyre.»

4 Folket i landet skræmde då Juda-folket av og gjorde deim huglause, so dei slutta med byggjingi.

5 Dei leigde folk til å leggja meinråder mot deim, og tiltaket vart stogga i all den tid som Kyrus var konge, alt til Darius hadde teke til å styra i Persia.

6 Då Ahasveros hadde vorte konge, i den fyrste tid han styrde, då skreiv dei brev og klaga på ibuarane i Juda og Jerusalem.

7 I Artahsastas tid skreiv Bislam og Mitredat og Tabe’el og dei andre embætsbrørne hans til Artahsasta, konge i Persia. Brevet var skrive med syrisk skrift og umsett på syrisk.

8 Rådsherren Rehum og skrivaren Simsai skreiv eit brev mot Jerusalem til kong Artahsasta, og innholdet var dette:

9 Dengong: Rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embetsbrørne deira, dei frå Dina og Afarsatka, Tarpela og Persia, Erek og Babel, Susan, Deha og Elam

10 og dei andre folki som den store og velduge Asnappar hadde ført burt og late bu i Samaria-byen og det andre landet på hi sida elvi, og so burtetter.

11 Dette er avskrift av det brevet dei sende til kong Artahsasta: «Tenarane dine, mennerne på hi sida elvi og so burtetter.

12 Det skal kongen vita at dei jødarne som for ifrå deg og hit til oss, er no komne til Jerusalem, og der held dei på å byggja upp denne vonde uprørsbyen og setja murarne i stand og stella på grunnvollarne.

13 No vil me gjera det kunnigt for kongen, at skal denne byen verta uppatt-bygd og murarne fullførde, so vil folket der korkje leggja skattar eller gjeva toll eller vegpengar, og det vil verta til meins for innkomorne åt kongarne.

14 Sidan no me et salt frå kongsgarden, so sømer det seg ikkje at me skal sjå på den skaden som her vert lagd for kongen, difor sender me brev bod og let kongen vita dette,

15 so det kann verta etterset i sogeboki åt federne dine; der vil du sjå og læra at denne byen hev vore ein upprørsby frå gamalt, til stort mein for kongar og land, og at der hev vore skapt mykje uro; difor er og byen lagd i øyde.

16 Det let me kongen vita, at vert denne byen bygd upp og murane fullførde, då er det ute med landeigni di på andre sida elvi.»

17 Kongen sende brev attende til rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embætsbrørne deira som budde i Samaria og andre herad på hi sida elvi, og i brevet stod det: «Heil og sæl! og so burtetter.

18 Det brevet som de sende oss, hev vorte greinleg lese for meg.

19 Eg let folk sjå etter, og dei fann ut at den byen alt frå dei eldste tider hev sett seg upp mot kongarne, og at uppreist og uro hev vore der rett som det var.

20 Velduge kongar hev butt i Jerusalem, og dei rådde yver alt landet på hi sida elvi, og dei tok imot skatt og toll og vegpengar.

21 No lyt de skipa det so at desse folki ikkje fær halda på med arbeidet, og at byen ikkje skal verta uppbygd att, utan det skulde koma løyve frå meg.

22 Og det lyt sjå vel til at ingenting vert gløymd eller forsømt i denne saki, so skaden ikkje skal verta verre og kongarne lida tap.»

23 So snart som dette brevet frå kong Artahsasta hadde vorte lese for Rehum og skrivaren Simsai og embætsbrørne deira, for dei snøgt til jødarne i Jerusalem og hindra dei med vald og magt.

24 Då vart det stans med byggjingi på Guds hus i Jerusalem. Det vart ingenting gjort med dette fyrr Darius hadde vorte konge i Persia, det andre året han styrde.

5. kapitlet

1 Profeten Haggai og Zakarja Iddoson, profetarne, profetera for dei jødarne som var i Juda og Jerusalem; dei tala i namnet åt Israels Gud, som var nemnt yver deim.

2 Då gjorde Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson seg reiduge og tok atter til å byggja på Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar studde uppunder og hjelpte deim.

3 Då kom Tatnai, som var jarl på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira og dei sagde: «Kven er det som hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?»

4 Me sagde då kva dei mennerne heite som stod fyre bygnaden.

5 Men yver styresmennerne åt jødarne vakte auga åt deira Gud, og mennerne lova at dei ikkje skulde leggja noko vondt i vegen for strævet deira, so lenge Darius hadde set på saki og det var kome brev frå honom.

6 Avskrift av det brevet som Tatnai, jarlen på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne hans, afarsakitarne, som budde på hi sida elvi, sende til kong Darius;

7 for dei sende han ei melding til honom, og i den stod det: «Heil og sæl vere kong Darius!

8 Vita skal kongen at me hev fare til fylket Juda, til huset åt den store Gud. Dette huset heldt dei no på og byggjer av store steinar, og legg bjelkar inn i murveggjerne. Arbeidet vert gjort med umhug og gjeng godt fram under henderne deira.

9 Me spurde styresmennerne: «Kven hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?»

10 Me spurde og kva dei heitte, so me skulde kunna nemna namni til deg, og skriva upp namni på dei mennerne som stod yver deim.

11 Då svara dei oss soleis: «Me er tenarane hans som er Gud i himmelen og på jordi, og me set upp att det huset som ein stor konge i Israel bygde og fullførde for mange år siden.

12 Men federne våre gjorde Gud i himmelen harm; difor gav han deim i henderne på Babels-kongen, kaldæaren Nebukadnessar; han lagde huset i øyde og tok folket med til Babel.

13 Men kong Kyrus, i det fyrste året han styrde i Babylon, gav lov til å byggja upp att dette gudshuset.

14 Kong Kyrus let og taka ut or templet i Babel dei kjerald av gull og sylv som Nebukadnessar hadde teke burt frå templet i Jerusalem og sidan sett inn i templet i Babel. Han gav deim til ein mann som heitte Sesbassar, som han hadde sett til jarl.

15 Og til honom sagde han: «Tak desse kjerald og far av stad og set deim inn i templet i Jerusalem! for Guds hus skal byggjast upp att på den fyrre staden.»

16 So kom då den same Sesbassar og lagde grunnen til Guds hus i Jerusalem. Dei hev bygt på det til denne tid, men endå er det ikkje ferdigt.»

17 Soframt no kongen so tykkjer, skulde det vore leita etter i skattkammeret der i Babel, um det er so at kong Kyrus hev gjeve lov til å byggja dette gudshuset i Jerusalem. Sidan lyt kongen lata oss vita kva som er hans vilje i denne saki.»

6. kapitlet

1 Etter dette let kong Darius folk leita etter i arkivet der skattarne vart gløymde i Babel.

2 Då fann dei i borgi Ahmeta i jarleriket Media ei bokrulla, og i den stod det skrive: «Til minne:

3 I det fyrste året kong Kyrus styrde, gav kong Kyrus denne fyresegni: «Guds hus i Jerusalem, det huset skal no verta uppbygt upp att, so det vert ein stad som folk kann bera fram offer. Det skal setjast på fast grunn, og skal vera seksti alner høgt og seksti alner breidt,

4 med tri umkverv store steinar og eitt umkverv av nytt timber. Kostnaden skal greidast ut frå kongsgarden.

5 So skal og alle kjerald av gull og sylv gjevast attende, dei som Nebukadnessar tok ut or templet i Jerusalem og førde med seg til Babel; dei skal koma til templet i Jerusalem, til sin rette stad, dei skal setjast inn i Guds hus.» -

6 «Og no, du Tatnai, jarl i landi på hi sida elvi, og du Setar-Boznai, og embætsbrørne dykkar, mennerne frå Afarsak på hi sida elvi, haldt dykk burte derifrå!

7 De skal alle lata arbeidet på dette gudshuset i fred. Jarlen og styresmennerne hjå jødarne må byggja dette gudshuset den staden det skal vera.

8 Og no skal eg segja fyre korleis de skal fara åt med desse styresmennerne hjå jødarne, so dei kann få halda på med byggjingi. Det som dei treng til bygnaden, skal dei rett og reideleg få av dei innkomor som kongen hev av skatten frå landet på hi sida elvi, so arbeidet ikkje vert hindra.

9 Og det som dei treng av ungnaut og verar og lamb til brennoffer åt Gud i himmelen, kveite og salt, vin og olje, det skal dei få utan skort til kvar dag, etter uppgåva frå prestarne i Jerusalem,

10 so dei kann bera fram offer til ein god ange for Gud i himmelen, og beda for kongen og kongssønerne sitt liv.

11 Og no skal det høyra kva eg meir segjer fyre, at um nokon gjer imot dette bodet, då skal det brjotast ut ein bjelke or huset hans, og på den bjelken skal dei hengja mannen upp og negla honom fast, og huset hans skal verta gjort til ein møkdunge, av di han hev bore seg soleis.

12 Måtte so den Gud som hev late namnet sitt bu der, slå ned alle dei kongar og folk som retter handi si ut til å gjera imot dette bodet og vil gjera noko til meins for dette gudshuset i Jerusalem. Eg, Darius, hev sagt fyre alt dette. Lat det so ganga fullt etter fyresegni!»»

13 Tatnai, jarl yver landi på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira gjorde fullt og heilt etter som det stod i fyreskrifterne frå kong Dairus.

14 Styresmennerne hjå jødarne heldt på med byggjingi, og arbeidet gjekk godt fram etter talarne åt profetarne Haggai og Zakarja Iddoson. Dei bygde og fullførde arbeidet etter fyresegn frå Israels Gud og etter fyreskrifterne frå Kyrus og Darius og Artahsasta, kongen i Persia.

15 So vart då huset fullt ferdigt til tridje dagen i månaden adar i det sette styringsåret åt kong Dairus.

16 Og Israels-sønerne, prestarne og levitarne og alle dei andre som var komne heim att or utlægdi, heldt då høgtid og vigde dette gudshuset med fagnad.

17 Ved denne vigslingi ofra dei hundrad uksar og tvo hundrad verar og fire hundrad lamb, og til syndoffer for heile Israel tolv bukkar etter talet på ætterne i Israel.

18 Dei tilsette prestarne etter skifti deira, og levitarne etter deira avdeilder til gudstenesta i Jerusalem, soleis som det var fyreskrive i Moseboki.

19 Dei som var komne heim att or utlægdi, heldt påskehelg på fjortande dagen i den fyrste månaden.

20 Prestarne og levitarne hadde då reinsa seg, kvar ein, so dei alle var reine. Dei slagta påskelamb for alle som var komne heim att or utlægdi, for brørne sine, prestarne, og for seg sjølve.

21 Israels-sønerne som var komne heim att or utlægdi, åt då saman med alle som hadde skilt seg frå ureinskapen åt heidningarne i landet og slege lag med deim, av di dei vilde søkja Herren, Israels Gud.

22 Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.

7. kapitlet

1 Då ei tid var lidi, hende det, medan kong Artahsasta styrde i Persia, at Ezra for heim frå Babel. Han var son åt Seraja, som var son åt Azarja, son åt Hilkia,

2 son åt Sallum, son åt Sadok, son åt Ahitub,

3 son åt Amarja, son åt Azarja, son åt Merajot,

4 son åt Zerahja, son åt Uzzi, son åt Bukki,

5 son åt Abisua, son åt Pinehas, son åt Eleazar, son åt øvstepresten Aron.

6 Ezra var ein skriftlærd mann, vel kjend i Moselovi, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav honom alt det han bad um; for Herren hans Gud heldt handi si yver honom.

7 Nokre av Israels-sønerne og av prestarne og levitarne og songarane, dørvaktarane og tempelsveinarne var med honom heim til Jerusalem; det var i det sjuande styringsåret åt kong Artahsasta.

8 Han kom til Jerusalem i femte månaden det same sjuande året åt kongen.

9 Den fyrste dagen i fyrste månaden vart det fast avgjort at dei skulde fara frå Babel, og den fyrste dagen i femte månaden kom han til Jerusalem; for hans Gud heldt si gode hand yver honom.

10 For Ezras hadde vendt hugen sin til å granska Herrens lov og fylgja henne, og til å læra andre i Israel upp i lov og rett.

11 Dette er avskrift av eit brev som kong Artahsasta gav den skriftlærde presten Ezra, som var kunnig i Herrens bodord og lover for Israel:

12 «Artahsasta, konge yver kongarne, til presten Ezra, den lærde i lovi åt Gud i himmelen. Utferda og so burtetter.

13 Med dette segjer eg fyre at kvar ein av Israels-folket i mitt rike og av prestarne og levitarne deira som hev hug til å fara til Jerusalem, må fara med deg,

14 sidan kongen og dei sju rådsmennerne hans hev sendt deg i veg til å sjå etter kor det er med Juda og Jerusalem etter lovi åt din Gud, den som du hev i di hand,

15 og til å føra fram det sylvet og gullet som kongen og rådsmennerne hans godviljugt hev gjeve til Israels Gud, han som hev bustaden sin i Jerusalem,

16 sameleis alt sylv og gull som du fær i heile Babels jarlerike, og dei gåvor som folket og prestarne godviljugt til huset åt sin Gud i Jerusalem.

17 Dette skal du gjera deg vel fyre med og kjøpa for desse pengarne uksar og verar og lamb og alt sovore som trengst til grjonoffer og drykkoffer, og det skal du ofra på altaret som høyrer til huset åt dykkar Gud i Jerusalem.

18 Det du og brørne dine finn det rettast å gjera med det som vert att av sylvet og gullet, det må de gjera soleis som dykkar Gud vil.

19 Men dei reidskaper som du fær til tenesta i huset åt din Gud, deim skal du gjeva frå deg åt Gud i Jerusalem.

20 Det som meir trengst til huset åt din Gud, det kann du greida ut or skattkammeret åt kongen.

21 Og eg, kong Artahsasta, segjer med dette fyre alle skattmeistrarne i landi på hi sida elvi, at alt det som presten Ezras, vismannen i lovi åt Gud i himmelen, bed dykk um, det skal de gjera og gjeva på fyrste ordet,

22 um det trengst upp til tvo og eit halvt hundrad våger med sylv, tri hundrad tunnor kveite, hundrad ankar vin og hundrad ankar med olje, dertil salt umælt.

23 Alt det som tarvst etter det Gud i himmelen segjer fyre, det skal verta gjort på fyrste ordet og gjeve til huset åt Gud i himmelen, so ikkje hans vreide skal koma yver riket åt kongen og sønerne hans.

24 Og det let me dykk vita, at ingen skal hava magt til å leggja skattar eller toll eller vegpengar på nokon prest eller levit, songar eller dørvaktar, tempelsvein eller annan som hev tenesta i dette gudshuset.

25 Og du, Ezras, må, etter den visdom du hev fenge frå din Gud, setja domarar og lovlærde folk til å døma manna millom hjå alt folket på hi sida elvi, alle dei som kjenner loverne åt din Gud; og den som ikkje det gjer, honom skal du læra å kjenna deim.

26 Og kvar den som ikkje gjer etter lovi åt din Gud og etter lovi åt kongen, yver honom skal det fellast ein rett dom, anten til daude eller utlægd, til pengebot eller til fangehus.»

27 Pris vere Herren, Gud åt federne våre, at han gav kongen slikt i hugen, til å pryda Herrens hus i Jerusalem,

28 og at han let meg finna nåde hjå kongen og rådsmennerne hans og hjå alle dei megtige hovdingarne åt kongen! Eg fekk mod då eg såg at Herren, min Gud, heldt handi si yver meg, og eg samla kringum meg nokre ættarhovdingar av Israel; dei skulde vera med meg på heimferd.

8. kapitlet

1 Dette er dei ættarhovdingar som i Artahsasta si styringstid for med meg heim frå Babel, og soleis ser ættartavlorne deira ut:

2 Av Pinhas-sønerne Gersom; av Itamars-sønerne Daniel; av Davids-sønerne Hattus;

3 av Sekanja-sønerne av Paros-sønerne Zakarja, og med honom hundrad og femti karfolk som var uppskrivne i ættartavla;

4 av Pahat-Moabs-sønerne Eljoenai Zerahjason og tvo hundrad karfolk med honom;

5 av Sekanja-sønerne Jahasiels son og tri hundrad mann med honom;

6 av Adins-sønerne Ebed Jonatansson og femti mann med honom;

7 av Elams-sønerne Jesaja Ataljason og sytti mann med honom;

8 av Sefatja-sønerne Zebadja Mikaelsson og åtteti mann med honom;

9 av Joabs-sønerne Obadja Jehielsson og tvo hundrad og attan mann med honom;

10 av Selomits-sønerne Josifjas son og hundrad og seksti mann med honom;

11 av Bebai-sønerne Zakarja Bebaison og åtte og tjuge mann med honom;

12 av Azgads-sønerne Johanan Hakkatansson og hundrad og ti mann med honom;

13 av Adonikams-sønerne, dei som kom seinst og heitte Elifelet, Je’uel og Semaja, og seksti mann med deim;

14 av Bigvai-sønerne Utai og Zabbud og sytti mann med deim.

15 Eg samla deim attmed den elvi som renn til Ahava; der låg me i læger i tri dagar. Då eg so såg meir på folket og på prestarne, fann eg ingen av Levi-sønerne der.

16 Eg sende då bod etter ættarhovdingarne Eliezer og Ariel, Semaja og Elnatan og Jarib og Elnatan og Natan og Zakarja og Mesullam lærarane Jojarib og Elnatan.

17 Desse sagde eg fyre at dei skulde fara av stad til Iddo, hovudmannen i Kasifja-bygdi, og eg sagde kva ord dei skulde tala til Iddo og bror hans, tempelsveinarne i Kasifja-bygdi, so dei skulde senda oss tenarar til gudshuset vårt.

18 Og Gud heldt si gode hand yver oss, so dei sende oss ein vitug mann som heitte Serebja, av sønerne åt Mahli, son åt Levi, son åt Israel; han sjølv med søner og brør var attan i talet.

19 Sameleis sende dei Hasabja i lag med Jesaja av Merari-sønerne; med brørne hans og sønerne deira var det tjuge mann.

20 Dertil tvo hundrad og tjuge tempelsveinar, alle nemde på namn, av dei tempelsveinarne som David og hovdingarne hans hadde sett til tenarar åt levitarne.

21 Der ved Ahava-elvi lyste eg til ei fasta, av di med skulde audmykja oss for vår Gud og beda honom um god ferdalukka for oss sjølve og borni våre og all vår eigedom.

22 Eg skjemdest å beda kongen um herhjelp og ridarar til å verja oss mot uvener på vegen; for me hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si hand yver alle deim som heldt seg til honom, og let det ganga vel for deim; men hans magt og vreide fell yver deim som gjeng frå honom.»

23 Me fasta då og bad Gud um hjelp, og han høyrde bøni.

24 Sidan valde eg ut tolv av prestehovdingarne og Serebja og Hasabja og ti av brørne deira.

25 Åt desse vog eg upp sylvet og gullet og kjeraldi, det som kongen og rådsmennerne og hovdingarne hans, og alle Israels-mennerne som heldt seg der i landet, hadde gjeve til ei reida åt gudshuset vårt.

26 Eg vog upp åt deim sekstan hundrad våger sylv, sylvkoppar som vog i alt tvo hundrad og femti våger, og dertil tvo hundrad og femti våger med gull,

27 og umfram dette tjuge gullskålar, til fem tusund dalar, og tvo kjerald av gullblank kopar, dyr som gull.

28 Og eg sagde med deim: «De er vigde til Herren, og kjeraldi er vigde; sylvet og gullet er ei friviljug reida til Herren, Gud åt federne dykkar.

29 Agta no vel på det og gjæt det, til dess de kann vega det ut att i Jerusalem til dei fremste av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne hjå Israel, i kovarne i Herrens hus.»

30 Dermed tok prestarne og levitarne imot sylvet og gullet og koppar og kjerald som soleis var vege, og skulde føra det fram til Jerusalem til huset åt vår Gud.

31 So for me burt frå Ahava-elvi tolvte dagen i den fyrste månaden, og tok vegen til Jerusalem. Vår Guds hand var yver oss, og han berga oss frå uvener og lurarar på vegen.

32 Me kom til Jerusalem og fekk kvila ut der tri dagar.

33 Den fjorde dagen vart sylvet og gullet og koppar og kjerald vege upp gudshuset vårt og gjeve i henderne åt presten Meremot Uriason. Saman med honom var Eleazar Pinhasson og levitarne Jozabad Jesuason og Noadja Binnuison med og tok imot.

34 Det vart alt utgjeve etter tal og vegt, og vegti på alt vart uppskrivi.

35 Dei hertekne som var komne heim att or utlægdi, ofra no brennoffer til Israels Gud. Dei ofra tolv uksar for heile Israel og seks og nitti verar, sju og sytti lamb og tolv syndoffer-bukkar, alt til brennoffer åt Herren.

36 So gav dei frå seg kongsbodet til dei kongelege satraparne og til jarlarne i landi på hi sida elvi. Desse kom då og med hjelp både til lyden og til Guds hus.

9. kapitlet

1 Etter desse hendingarne kom hovdingarne fram for meg og sagde: «Korkje folket i Israel eller prestarne og levitarne hev halde seg skilde frå folki i landi soleis som det helst kunde søma seg etter all den styggedomen som dei hev fare med både kananitarne og hetitarne, perizitarne og jebusitarne, ammonitarne og moabitarne, egyptararne og amoritarne.

2 For dei hev teke døtterne deira til konor både åt seg sjølve og åt sønerne sine. På den måten hev det heilage sædet blanda seg med folki i landet, og hovdingarne og formennerne hev vore dei fyrste til å fara med utruskap i dette stykket.»

3 Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjolen min og kåpa mi, og eg reiv hår av hovudet og or skjegget og vart sitjande so sorgfull at eg kunde ikkje segja eit ord.

4 Då samlast dei kringum meg alle dei som var forstøkte for det som Israels Gud hadde sagt um utruskapen deira som var heimkomne or utlægdi; men eg vart sitjande i djup sorg alt til kveldsofferet.

5 Ved kveldsoffertidi stod eg upp or sorgi mi og reiv sund kjolen og kåpa. So fall eg ned på kne og rette ut henderne mine mot Herren, min Gud,

6 og sagde: «Min Gud! eg skjemmest og blygjest for å lyfta andlitet mitt mot deg, min Gud; for misgjerningarne våre hev vakse upp yver hovudet vårt, og skuldi vår når til himmels.

7 Frå den tid federne våre livde og alt til no hev me vore i stor skuld. For misgjerningarne våre hev me, med kongarne og prestarne våre, vorte gjevne i henderne på framande kongar, til sverd og til utlægd, til plundring og skam, som det syner seg no i dag.

8 Men no ei ørliti stund hev Herren, vår Gud, miskunna oss, so han hev berga ein leivning av oss og gjeve oss eit fotfeste på den heilage staden sin, so han, vår Gud, kunde lata ljoset skina i augo våre, og me fekk ein liten livskveik i trældomen vår.

9 For trælar det er me; men endå hev Gud ikkje slept oss i trældomen, men hev late oss finna nåde for augo åt persarkongarne, so dei gav oss ein livskveik til å reisa upp att gudshuset vårt og byggja det upp frå røysi; dermed kunde me få ein innhegna bustad i Juda og Jerusalem.

10 Men vår Gud! kva skal me no segja etter dette? For me hev vendt oss frå bodordi dine,

11 deim som du gav ved tenarane dine, profetarne, då du sagde: «Landet som det her kjem til og skal taka til eigedom, er eit tilsulka land for all den sulking og all den styggedom som dei framande folki i sin ureinskap hev fyllt det med frå den eine enden til den andre.

12 Difor skal de korkje gjeva døtterne dykkar til sønerne deira eller taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar. De skal aldri bry dykk um deira velferd og lukka, so de kann verta sterke og få eta av landsens gode ting og lata landet gå i arv til borni dykkar um alder og æva.»

13 Du, vår Gud, hev vore miskunnsam meir enn me var verde etter synderne våre, og hev late ein leivning av oss, slik som denne her, verta berga. Skulde me no etter alt som hev kome yver oss ved dei vonde verki våre, og ved den store skuld me hev drege på oss,

14 skulde me då brjota bodordi dine att og hava samgifte med folk som driv sovorne styggedomar? Måtte du ikkje då harmast på oss, so du reint kom til å tyna oss so ingen leivning var att, og ingen berga seg undan?

15 Herre, Israels Gud! du er rettvis når me her i dag berre er ein leivning som er berga. Sjå no ligg me her i vår skuld framfor deg. Som det no er, kann ingen verta standande for deg.»

10. kapitlet

1 Ezra låg på marki framfyre gudshuset og gret og bad og sanna synderne. Då samla det seg kring honom ein ovstor skare av Israels folk, karar og kvinnor og born, og folket gret sårt.

2 Då tok Sekanja Jehielsson av Olams-sønerne til ords og sagde med Ezra: «Me hev vore utrugne åt mot vår Gud, med di me hev teke framande konor frå dei framande folki her i landet; men endå er ikkje all voni ute for Israel i denne saki.

3 Lat oss no gjera samband med vår Gud, um at me jagar frå oss alle desse konorne, og borni som dei hev fenge, etter kravet frå Vårherre og frå dei mennerne som ræddast for Guds lov, og lat det so verta gjort etter lovi.

4 Ris upp! for det er du som lyt greida denne saki, og me skal stydja deg. Ver frihuga og set det i verk!»

5 Då reis Ezras upp og let prestehovdingarne og levithovdingarne og alle andre hovdingar i Israel gjera eid på at det måtte vera som her det var sagt. Og dei gjorde eiden.

6 Ezra stod upp frå den staden framfyre gudshuset, og gjekk inn i romet åt Johanan Eljasibsson. Og då han var komen dit, var han ikkje god til å eta eller drikka, soleis syrgde han yver utruskapen åt deim som var attkomne frå utlægdi.

7 So lyste dei ut yver Juda og Jerusalem til deim som var komen heim or utlægdi, at dei alle skulde samlast i Jerusalem!

8 Var det nokon som ikkje kom innan tridje dagen etter, soleis som hovdingarne og styringsmennerne hadde sett, so skulde all hans eigedom verta bannstøytt, og han sjølv verta jaga ut or samlingi av deim som var komne heim or utlægdi.

9 So samla alle Juda- og Benjamins-mennerne seg i Jerusalem til tridje dagen; det var tjugande dagen i den niande månaden. Alt folket sat på den opne plassen attmed gudshuset og skalv, både for saki skuld og for regnbyorne.

10 Då stod presten reis Ezra upp og sagde til deim: «De hev vore utrugne, med di de hev teke framande kvende til konor, og dermed hev de auka skuldi åt Israel.

11 Gjev no Herren æra, Gud åt federne dykkar, og gjer etter viljen hans; skil dykk frå dei hine folki her i landet og frå dei framande konorne!»

12 Då svara heile lyden med høg røyst: «Ja, som du hev sagt, so er me skuldige å gjera.

13 Men folket er mange i tal, og no er det regntidi, so me kann ikkje verta standande her ute. Dette er og ei ærend som ikkje verta avgjord på ein dag eller tvo; for me hev mykje synd på oss i dette stykket.

14 Lat difor hovdingarne våre gjera greida for heile lyden, og lat so alle deim i byarne våre som hev teke framande kvende til konor, møta fram til tider som vert fastsette, saman med styresmennerne og domarane frå den same byen, til dess me kann få vendt av vår Guds brennande harm for denne saki.»

15 Einast Jonatan Asaelsson og Jahzeja Tikvason gjorde motmæle mot dette, og Mesullam saman med leviten Sabbetai heldt med deim.

16 Dei som var attkomne or utlægdi, gjorde som sagt var. Og utvalde vart: Presten Ezras og nokre menner, hovdingar for ættgreinerne sine, alle nemnde på namn. So sette dei rådstemna den fyrste dagen i den tiande månaden til å granska denne saki.

17 Til fyrste dagen i fyrste månaden hadde dei greidt upp saki for dei mennerne som hadde teke seg framande kvende til konor.

18 Millom prestesønerne fann dei desse som hadde teke framande kvende til konor: Av sønerne åt Jesua Josadaksson og brørne hans: Ma’aseja, Eliezer, Jarib og Gedalja;

19 dei vilde styra frå seg konorne sine og ofra ein ver til syndoffer for den skuld dei hadde drege på seg - det lova dei og rette fram handi si på det;

20 av Immers-sønerne: Hanani og Zebadja;

21 av Harims-sønerne: Ma’aseja, Elias, Semaja, Jehiel og Uzzia;

22 av Pashurs-sønerne: Eljoenai, Ma’aseja, Ismael, Netanel, Jozabad og Elasa.

23 Av levitarne: Jozabad, Sime’i og Kelaja, som og heitte Kelita, Petahja, Juda og Eliezer;

24 av songarane: Eljasib; av dørvaktarane: Sallum, Telem og Uri.

25 Av Israel elles: Av Paros-sønerne: Ramja, Izza, Malkia, Mijamin, Eleazar, Malkia og Benaja;

26 av Elams-sønerne: Mattanja, Zakarja, Jehiel, Abdi, Jeremot og Elia;

27 av Zattu-sønerne: Eljoenai, Eljasib, Mattanja, Jeremot, Sabad og Aziza;

28 av Bebai-sønerne: Johanan, Hananja, Zabbai, Atlai;

29 av Bani-sønerne: Mesullam, Malluk og Adaja, Jasub, Seal og Jeremot;

30 av Pahat-Moabs-sønerne: Adna, Kelal, Benaja, Ma’aseja, Mattanja, Besalel, Binnui og Manasse;

31 og Harims-sønerne: Eliezer, Issia, Malkia, Semaja, Simeon,

32 Benjamin, Malluk, Semarja;

33 av Hasums-sønerne: Mattenai, Mattatta, Sabad, Elifelet, Jeremai, Manasse, Sime’i;

34 av Bani-sønerne: Ma’adai, Amram og Uel,

35 Benaja, Bedeja, Keluhi,

36 Vanja, Meremot, Eljasib,

37 Mattanja, Mattenai og Ja’asu,

38 Bani, Binnui, Sime’i,

39 og Selemja, Natan og Adaja,

40 Maknadbai, Sasai, Sarai,

41 Azarel, Selemja, Semarja,

42 Sallum, Amarja, Josef;

43 av Nebo-sønerne: Je’iel, Mattitja, Zabad, Zebina, Jaddu, Joel og Benaja.

44 Alle desse hadde teke framande kvende til konor. Og millom konorne var det sume som hadde fenge born.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024